Fylkesmann kan etter søknad frå person som har fylt 15 år gje løyve til at den som skal syrgje for vedkommandes gravferd spreier oska. Løyve kan óg gjevast etter vedkommandes død når det godtgjørast at avdøde hadde ynskje om oskespreiing. Slik løyve kan óg gjevast for oske etter barn når nærmaste etterlatne ønskjer oskespreiing. Det er fylkesmannen på den staden der osken skal spreiast som set vilkåra for løyva. På denne måten kan fylkesmannen sikre seg om oskespreiinga går føre seg i sømmelege former og på egna stad.
Døme på vilkår.
- Spreiinga går føre seg på virkedagar når det er lyst.
- Ikkje i fellesferie, pinsehelg, laurdag/sundag (dagar med stor utfart)
- Ikkje attmed gangsti/tursti
- 500 meter frå drikkevasskjelde.
- Spreiiing må gå føre seg på barmark
Merk: Ansvarleg for gravferda kan velgje å sjå bort frå avdøde sine eigne ynskje om oskespreiing. Meir info om oskespreiing, og korlis du søkjer, kan du få ved å trykke på knappen nedanfor.